Ulike behandlingsformer

Refleksologi:

Refleksologi er ein naturleg og medisinfri behandlingsmåte som styrker kroppen både fysisk og psykisk. Gjennom behandling av ”reflekssoner” som me finn på for eksempel fot, legg, lår og øyre, kan kroppen verta aktivert til å restituere seg sjølv. Behandlinga påverkar nervesystem, hormonbalanse og blodsirkulasjon.



Bindevevsmassasje:

Bindevevsmassasje påverkar det autonome nervesystemet, som igjen påverkar dei indre organ. Bindevevsmassasje er ikkje massasje i tradisjonell forstand. Metoden inneber ein tøygning av bindevevet i huda, for på eit refleksologisk vis, via det autonome nervesystemet å påvirke indre organ og funksjonar. Hudområder på kroppen og indre organ har ofte det same autonome nervesystemet.
Ved sjukdom og skade på indre organ kan endringar vise seg på det motsvarande område på hudoverflata. Det finst både hud, muskel og bindevevssoner. Dei først nevnte er ofte opphavet til spontane problem, medan bindevevssoner først vert oppdaga ved undersøking.
Gjennom bindevevsmassasje vert dei autonome nervetrådene i hudområdene påverka, først og fremst på bekken, rygg og buk. Avhengig av problemet vert det supplert med behandling på andre deler av kroppen.



Øyreakupunktur:

I refleksologien vert øyreakupunktur brukt i samband med annan refleksologisk behandling. Ein set på små magnetkuler med små plaster i øyra for å stimulere blokkeringar og soner. Det baserar seg på at heile organismen og dei ulike deler av kroppen vert gjenspegla i punkt i det ytre øyra. Magnetane skal sitte på i 2-3 dager og forsterker behandlingen. Behandlingen er basert på enkle prinsipp og metoden vert i dag praktisert over heile verda, og er anerkjent av WHO.