Om refleksologi

Refleksologi er ein heilskapleg og naturleg behandlingsform,eldre enn akupunktur og nyere enn fysioterapi. Behandlingsforma tek utgangspunkt i fotsoneterapi, men brukar heile kroppen som arbeidsfelt. Kvart sonesystem har sin overordna funksjon. Systema som nyttast ligg m.a. i fot, legg, lår, sete, mage, bryst, rygg, hand, underarm, overarm, kranie og øyre. I kvart av systema ligg projeksjonar av kroppen sine organ og kroppsdelar.
Refleksologen handsamar dei ulike punkta i eit definert system med klare arbeidsteknikkar.


Refleksologen nyttar i hovedsak hendene og sonestavar som arbeidsverktøy, og arbeidar med trykk, friksjon, massasje, skraping og øyreplaster. Signala som kroppen gjev under refleksologen sin behandling vert sendt gjennom kroppen sine interne kommunikasjonssystem (nerve- og hormonsystemet). Dei styrker blodsirkulasjonen og balanserer lymfesystemet. Kroppen si sjølvregulerande evne vert stimulert og aktivert. Refleksologi er med på å normalisere kroppen sine funksjonar og bidreg til å bryte ned spenningar og dempe stress.


Kva sonesystem som vert brukt avheng av klienten sine problem og tilstand. Ein undersøkelse og samtale med klienten dannar grunnlag for skreddersydd og individuell behandling.

Refleksologi kan ha god effekt på behandling av m.a:

  • Muskel-/skjelettplager
  • Mage-/tarmproblem
  • Plager i luftveg/astma/allergi
  • Hudproblem
  • Underlivsplager
  • Sengevæting
  • Migrene/hovudverk
  • Idrettskader
  • Psykiske problem
  • Kolikk